DER var han ute, den nye kassetten vår: Det e pina 3 en kassett.
Viss du har høyrt einaren og toaren, veit du om lag kva det går ut på; Side Brok og vener med nye låtar, gamle demoar, god stil og svært laus krage.
Det er berre og laste ned. Og hugs å sjekke ut det fine omslaget, der du kan lese om kven som seier kva.
Blant mykje pakk har me òg med desse fine rapparane:
Bikkja, Bygdekrap, Castor P, MC Forfattaren Olav R. Øyehaug, Hajoken, Håggån, Jonas V, Lektor, Pumba, RSP og Skolekorps.
Og som ein ekstra bonus har me den kortaste Stil-versjonen til no ...
God jul frå Side Brok og pinaDgreitt records!



Bottom up



